Velkommen til BloggMagne :-)

IKT-utdanning for VGS.

fredag 5. mars 2010

Sosiale media i Vg2-køyretøy

Hei, idag har eg undervisning i køyretøyklassa. Medan elevane løyser oppgåver om grunnleggande datateknologi spør eg dei litt om deira bruk av sosiale media.

Ingen brukar blogg sjølv. Dei les veldig skjeldan andre sine bloggar.
Alle brukar facebook - har eigen konto. Nesten alle er innom dagleg, dei fleste fleire gonger om dagen, også i skuletida. MSN vert brukt parallelt med facebook. Nokre av elevane har foreldre som har konto. Varierande bruk, men elevane gjev uttrykk for at dei helst vil ha kanalen for seg sjølv. Ein seier f.eks at han at han "nektar" foreldra å bruke facebook.
Ulike forum innanfor bilfaget, f.eks http://www.bimmers.no/, http://www.club-honda.org/ og http://www.autodb.no/ er dagleg kost.
Youtube vert nytta både fagleg og til underhaldning.
Elles elevane innom temasider innan sine private interesser f. eks sider med  skating http://www.50-50.no/  som tema.
Nettaviser er aktuelt dagleg, men ikkje så mykje TV-kanalar.
Alle har mobiltelefon. Skulen og elevane har avtale om at elevane skal gje melding til kontaktlærar  ved fråvær. Fronter gjev skulen mogelegheit til å sende SMS til alle elevar, eller grupper av elevar.
Fronter vert bruk til oppgåver, oppgåveinnlevering, kalendar, undervegsvurdering, logg ved utplassering.

Kva tykkjer de, harmonerar dette med dåka erfaringar med elevane sin bruk av sosiale medie?

4 kommentarer:

  1. Stemmer godt med mine erfaringar. Ungdommen skygger bana når lærarar, foreldre og besteforeldre kjem inn på deira møteplassar. Facebook har etterkvart utvikla seg til å bli dominert av middelaldrande som skriv om ingenting

    SvarSlett
  2. Dette stemmer nok overiens med mykje av det eg opplever. Og eg opplever at elevane blir overraska når dei høyrer at eg er på facebook og msn, då høyrer eg: er du der???? Men så blir dei litt imponerte og. Eg ser at det elevane er mest inne på er facebook, ulike spel og no spotify for å høyre musikk. Tidligare var det mykje nettby og blink blant elevane, men dette er no heilt ut. Elevane snakkar og om at facebook er mindre populært no enn i byrjinga. Dei grunngjev dette med nettopp det du seier at "dei vil ha det for sseg sjølve" og ikkje ha foreldre, lærarar og til og med besteforeldre som brukarar på facebook.

    SvarSlett
  3. Eg opplever at elevne er mykje på facebook og MSN, i tilegg til nedlasting av musikk, spel og youTobe. Eg skjønar dei unge blir meir skeptisk til facebook dersom foreldre og besteforeldre er inne og kan ha ein viss kontroll på kva barna sine styrer på med. Eg har og hørt med klassane eg underviser i om dei bruker blogg, dette er lite utbrett blandt dei unge har dette skuleåret, men eg trur blogg vil komme meir. Trur og at det vil bli fleire lærara som tek dette i bruk i si undervisning etter kvart.

    SvarSlett