Velkommen til BloggMagne :-)

IKT-utdanning for VGS.

mandag 15. mars 2010

Fagnettverk på nett - spennande og utviklande.

Gjennom IKT-studiet har vi  alt i alt etablert mykje ny kunnskap i organisasjonen vår. Frå handsaming av bilete, biletpresentasjonar, videoredigering, deler av Officepakken, LMS/Fronter, Wiki, samskriving på nett/EtherPAD, bruk av digitale nettressursar, har no vi danna ei gruppe i organisasjonen som "Bloggar". Gruppa kan dele erfaringar, eksperiment, fagstoff vi oppdagar, og eigen kreativitet og kunnskap med med kvarandre.
Eg har oppretta BLOGGMAGNE. Her kan eg uttrykkje meg, hente inspirasjon frå andre sine bloggar som er linka opp. Eg kan kommentere og få kommentarar. Eg kan få innsikt i stoff dei andre oppdagar, og som har relevans for skulen si drift og pedagogiske praksis framover.
Tykkjer at mange av lærarane har ei god tilnærming til dei nye mogelegheitene, men at det og er mange utfordringar knytt til digitalisert opplæring.
Har også laga mi eiga side i Nettvibes.....organisert den med ulike faner...sortert litt. Denne sida vil eg prøve å "strekkje" litt framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar