Velkommen til BloggMagne :-)

IKT-utdanning for VGS.

fredag 26. februar 2010

Effekten av sosiale media

Spekulerer på om skulen vår kan oppnå positive effektar som vi ikkje har tenkt på enno gjennom sosiale mediea. Fann eit interessant innlegg. Sjå på dette frå NRKbeta. Ser at Fagskulen i Førde er på Facebook.
Dermed utnyttar fagskulen eit sosialt medium som nyhendekanal. Her publiserer dei aktivitetar, kurs etc...skapar blest om fagskulen. Sidan eg er tilhengar får eg dette opp på tavla mi i Facebook. Dermed har vi 2 ulike plan å utvikle. 1) Det individuelle og faglege planet og 2) det organisatoriske og marknadsmessige planet.
Kva seier de, medstudentar???....Øyrane på Facebook og/eller andre sosiale media...idear???

Kanskje vi skal utfordre førelesarane våre på dette i neste førelesing?

torsdag 25. februar 2010

Sosiale media og pedagogisk bruk av desse.

Sosiale media gjev mogelegheit for interaktiv kommunikasjon av fagleg og sosial karakter mellom menneske. Sosiale medier vert brukt privat, i politikk, opplæringsarenaer og i jobbsamanheng.
På nettet finn ein mange lenkjer som opplyser om utviklinga.
I skulen pågår diskusjonen om alle desse mogelegheitene er positive for opplæringa, eller har meir negativ karakter.

Skulen vår vert digitalisert. Frå skuleåret 2010/2011 vil alle elevane ha bærbar PC, tilgang til Internett og sosiale media. Lærebøkene vert digitalisert. NDLA som er oppretta og eigd av fylkeskommunane, tilbyr digitaliserte lærebøker og oppgavebasar.

Dette fører til at elevane må vere på nettet store deler av skuledagen. Dei vil då ha full tilgang til sosiale media medan opplæringa føregår. Er det ei utfordring?
Det spørsmålet let eg gå til alle som studerer IKT ved Øyrane vidaregåande skule.

Kommenter då vel :-) !

onsdag 10. februar 2010

Arbeidskrav 2, modul3
Fagnettverk på Internett, sosiale medier, Blogg og RSS

Innlegg:
Vi har fått i oppgåve å lage vår første blogg. Bloggen skal innehalde nokre element; Innlegg, lenkje, bilete, video og Gadget. Vi skal forme den visulet og funksjonelt.

Bilete:










Video

Endre utsjånad
Gadget

Bloggen vert oppretta på blogger.com. har bestemt meg for å bruke namnet bloggmagne. Internettadressa til bloggen vert då:
Lenke(r)
http://bloggmagne.blogspot.com/

Oppgåver:
Skrive kommentar på andre sin blogg.
Følge andre Bloggar - Bloggroll.
Legge til småprogram (Widgets) i sidemarg.