Velkommen til BloggMagne :-)

IKT-utdanning for VGS.

torsdag 25. februar 2010

Sosiale media og pedagogisk bruk av desse.

Sosiale media gjev mogelegheit for interaktiv kommunikasjon av fagleg og sosial karakter mellom menneske. Sosiale medier vert brukt privat, i politikk, opplæringsarenaer og i jobbsamanheng.
På nettet finn ein mange lenkjer som opplyser om utviklinga.
I skulen pågår diskusjonen om alle desse mogelegheitene er positive for opplæringa, eller har meir negativ karakter.

Skulen vår vert digitalisert. Frå skuleåret 2010/2011 vil alle elevane ha bærbar PC, tilgang til Internett og sosiale media. Lærebøkene vert digitalisert. NDLA som er oppretta og eigd av fylkeskommunane, tilbyr digitaliserte lærebøker og oppgavebasar.

Dette fører til at elevane må vere på nettet store deler av skuledagen. Dei vil då ha full tilgang til sosiale media medan opplæringa føregår. Er det ei utfordring?
Det spørsmålet let eg gå til alle som studerer IKT ved Øyrane vidaregåande skule.

Kommenter då vel :-) !

8 kommentarer:

  1. Eg meiner det heilt klart er ei utfordring! Men det betyr ikkje at eg meiner utviklinga er negativ :-)

    Du skriv at elevane må vere på nettet store delar av skuledagen. Det må dei kanskje, men som lærarar må vi og avgrense tida dei brukar på nettet.

    I norskfaget vil ein del av tida bli brukt til samtale og diskusjon om ulike tema. Slike økter skal pcskjermane vere lukka i mine timar. Eg seier til elevane mine at eg vil ha augekontakt med dei. Det får eg ofte ikkje dersom eg ikkje set krav om at pc-en er av.

    Å chatte med ein kamerat via facebook er nok enno meir fristande enn å ha ein samtale med meg og medelevane i klasserommet. Forstå det den som kan... ;-)

    SvarSlett
  2. Konstruktivt!
    Er einig med deg i at læraren må styre bruken av PC'en. Noko av "nyhetens interesse" vil vel ta av etter kvart. På den måten kan vi etter kvart utnytte dei nye verktøya, utan at elevane vert så distraherte av alle mogelegheitene dei har. Viktig at vi som skule klarar å finne balansen. For å få det til trur eg at vi må ta opp diskusjonen, vise dei gode eksempla og finne vår "pedagogiske plattform" i forhold til utfordringane. Kunne vere kjekt å undervise i same klasse neste år - samarbeid fellesfag/programfag....sosiale mediea - korleis utnytte dei tverrfagleg....

    PS: Eg synes sjølv det er freistande å ha oppe Facebook når eg jobbar med andre ting, så eg forstår ungdommen. dette må vi berre finne ut av :-).

    SvarSlett
  3. Du må hjelpe meg med å få lagt ut trykkbare lenkjer i kommentarane. Fekk spørsmål frå Jill om dette. Her er eit døme på ei diskusjonsside der ma vurderingkriterium på TIP blir vist.
    http://delogbruk.ning.com/group/norsk/forum/topics/kjenneteikn-for-maaloppnaaing

    SvarSlett
  4. Alf hadde råd: Ein kan bruke HTML-kode.

    "Link text"

    Set inn lenka i stadenfor url, og lenketekst (f.eks. vurderingskriterium i stadenfor Link text). Hermeteikna i start og slutt må vekk.

    Prøv då vel :-)

    SvarSlett
  5. Nei :-( , dette viste ikkje slik eg ville.
    Der det står Linktekst skal det stå ein HTML-kode. Sender koden på epost til dåke.

    SvarSlett
  6. Er heilt einig i at auka bruk av digitale verktøy er ei utfordring. Hugsar tilbake til Tramteateret og ein av deira seriar på 80-talet om eit digitalisert klasserom utan å ha ein lærar i klasserommet, berre kontakt via datamaskina. Eg håpar verkeleg ikkje at vi kjem dit, for ein formidlar ulikt gjennom å sjå og høyre og gjennom tekst/bilde via ein skjerm.

    Vår utfordring vert å avgrense databruken. Når eg skal ha teroigjennomgang og dikusjonar i klassane, må elevane leggje ned skjermane og eg må ha blikkontakt med alle.

    Likevel ser eg at enkelte elevar alltid vil la seg freiste av å kople ut omverda med å "forsvinne" inn i ulike sosiale medium når dei ikkje maktar å følgje med i timane. Alle har sine eigne strategiar til å kople ut. Skal dei få lov eller ikkje? Når skjer denne utkoplinga? Når eleven ikkje meistrar? Når eleven er lei? Hadde vore interessant å finne ut av dette.

    Lykke til vidare med arbeidet ditt, Magne!

    SvarSlett
  7. Mange gode spørsmål du har Magne til utviklingen vi er inne i. Jeg tror bestemt det er mange utfordringer nå med nye sosiale media. Men, jeg har jo vært så lenge i dette "gamet" så lenge at jeg har opplevd lærernes og skolens tvil og uro over mange nye element som har kommet mellom elevene og oss i det vi har ønsket å formidle.Elevene har også tidligere klart å koble ut.... Jeg tror at vi nå har et godt utgangspunkt for å møte elevene på deres arena. Vi har faktisk oppdatert kunnskap som lærere, og vi har selvtillit i forhold til sosiale media. Jeg tror ikke lenger at elevene kan mest på dette området, som vi av og til har engstet oss over før.Vi er godt i gang som skole til å møte disse utfordringer. Blir bare spennende å se hva vi kan få ut av Ikt- utdanningen vår i de praktiske oppgavene i hverdagen. Tror vi alle må følge Jill sitt eksempel, og gå igang fort.
    Syns det var litt kronglete måte å legge inn kobling på, men en får bare prøve:) Godt innlegg Magne.

    SvarSlett