Velkommen til BloggMagne :-)

IKT-utdanning for VGS.

fredag 26. februar 2010

Effekten av sosiale media

Spekulerer på om skulen vår kan oppnå positive effektar som vi ikkje har tenkt på enno gjennom sosiale mediea. Fann eit interessant innlegg. Sjå på dette frå NRKbeta. Ser at Fagskulen i Førde er på Facebook.
Dermed utnyttar fagskulen eit sosialt medium som nyhendekanal. Her publiserer dei aktivitetar, kurs etc...skapar blest om fagskulen. Sidan eg er tilhengar får eg dette opp på tavla mi i Facebook. Dermed har vi 2 ulike plan å utvikle. 1) Det individuelle og faglege planet og 2) det organisatoriske og marknadsmessige planet.
Kva seier de, medstudentar???....Øyrane på Facebook og/eller andre sosiale media...idear???

Kanskje vi skal utfordre førelesarane våre på dette i neste førelesing?

1 kommentar:

  1. Eg synes det er ein god ide med øyrane på facebook :) Ser at mange bedrifter har sider på facebook no der dei leggjer ut info og tilbod. Mykje gratisreklame, for dei.

    For skulen tenkjer eg det er viktig å vere der elevane er. Men ein bør vere tydeleg på kva ein vil med ei slik side og tenkje gjennom kven er målgruppe. Dagens elevar, tidlegare elevar, foreldre...

    Personleg tenkjer eg ei slik side for å synleggjere positiv aktivitet ved skulen, ikkje som ein informasjonskanal sidan dagens elevar fort er morgondagens...

    synes det var god ide å høyre om førelesarane våre har erfaring ;-)

    SvarSlett